dsc_0914

Generell informasjon om tamreinlaga.

Lom Tamreinlag var starta i 1926.  Det har gått opp og ned med drifta, men målet har alltid vore det same: å utnytte fjellbeitet til produksjon av reinkjøtt.
Utanom dei samiske reinbeitedistrikta er det i dag att berre 4 aktive tamreinlag. Dei er alle i eller rundt Jotunheimen –  Filefjell, Fram, Vågå og Lom.  Faktisk så er Oppland det nest største fylket når ein ser på produsert kilo kjøtt pr. år, ca 200.000 kg.

Det er ulikskap mellom laga sjølv om produksjonen er nokså lik. Filefjell og Fram har ein eigarstruktur samansett av få og dei beiter stort sett på eigen grunn. I Vågå og Lom er det store andelslag med over 200 andelseigarar. I Vågå er ein del av beiteområda på privat grunn, medan i Lom er det mest berre statsallmenning. Samla sysselsetting er omlag 14-16 årsverk.

Frå gamalt av har det vore tildels stor interesse for tamreindrift. Frå ulike historiske kjelder ser vi at både bygdafolk og samar dreiv med tamrein i Sør-Noreg alt frå tidleg på 1700-talet. På og rundt Hardangervidda var det på det meste 35-40 flokkar. Samisk reindrift utanom tradisjonelle beitedistrikt vart det slutt på i 1897 grunna ei lov som gjorde det ulovleg for dei å drive vidare. Tal på tamrein i Sør-Noreg var i 1910 rekna til omlag 26600 fordelt på ialt 17 lag. Rundt 1960 var talet omlag 20.000 dyr fordlet på 12 lag.

I vårt område var truleg Steinar Sulheim (1815 – 1856) var den fyrste til å starte med tamrein.

Kilder:

Gaute Elvesæter Helland og Jan Stokstad har skreve meir utfyllande om tamreinen si historie her.

Andre skiftlege kjelder er å finne i boka 70 år med tamrein av Jon Kolden. Den boka kom ut i 1996, året tamreinlaget feira 70 årsjubileum. Vidare har Grete Sjurgard ført i pennen  Vågå Tamreinlag A/L 50 år frå 1992. I boka Ottadalsreinen av Øystein Mølmen er også mykje stoff å lese om tamreinen si historie i vårt område.

Boka ‘Reinen på Hardangervidda’ frå 2012 av Johan Vaa og Kjell Bitustøyl vidar mykje plass til tamreindrifta på Hardangervidda. I dag er det ikkje att drift der, men det er mykje historie, både om folk og rein.