Slakting hausten 2017

Slakting hausten 2017.

Det vart inntak på Grønhø sundag 10. september. Etter ei veke med austavind og skodde vart det endeleg ein glytt slik at gjetarane fekk flokken på trå,  ialt 3.393 dyr. Av desse vart 1.134 slakta. Vi er med det i god rute til å få eit nytt godt år for laget.

Vi har ikkje fått dei endelege slaktvektene, men livvekta på kalven er den høgste vi har sett sidan vi starta med veging for omlag 35 år sidan. Tyngste bukkekalvane vog over 73 kg, slaktvekt på omlag 36,5 kg!

Kvart år set vi på knapt 1/3 av kalvane til livdyr og det er vekta som bestemmer.
I år vart grensa:
-hokalv tyngre enn 55 kg ( 28,5 kg slaktvekt)
-bukkekalv tyngre enn 60 kg (31 kg slaktvekt)

Det har vore ein del sopp, men nivået på radioaktivitet i kjøtet var ikkje noko problem iår.
Større hugsott har vi for skrantesjuka, men heldigvis vart det ikkje funne smitte. Alle slakt av vaksne dyr vart testa og Mattilsynet har stadfesta at det ikkje vart funne positive prøver. Heldigvis!
Mattilsynet sine sider vert status på alle CWD-prøver oppdatert.

Vågå Tamrein A/S slaktar 14-15. september og Fram Tamreinlag 15-16 september.

Myrke skyer i horisonten

CWD – Skrantesjuke! Det er nye ord i vårt vokabular dessverre.
Det er mange spørsmål og få svar på korleis denne sjukdommen vil påvirke oss framover, ikkje berre for tamreindrifta, men for alle jegerar og forvaltning.

Norsk institutt for naturforvaltning  sine nettsider er det nå lagt ut ein film som syner kva sjukdommen er og korleis den smittar mellom dyr.