Vinterslakt 2012

Sålell

Sundag 26/11 vart det inntak i Sålell for 30. året på rad! Veret var veldig bra og alt har gått som planlagt. vel 2.400 dyr var slept til vinterbeite.

Ialt 421 dyr slakta frå Sålell. Av dette 179 kalv, 38 simler og 204 bukkar.  Med Grønhøslaktinga har det samla vorte slakta 1605 dyr i Lom og nokre dyr kan funnest att i Vågå, ialt 27 dyr, alt i alt 1632 dyr.

Kalvtalet vart omlag 1680 denne sessongen.

Som kjent var det i vår ein del tap av kalv, vesentleg grunna ørn. I alt 7 kalvakadaver vart funne og det har til nå vore knytt litt usikkerheit om tapstala kunne vera større. Men det ser heldigvis ut til å ha gått betre enn frykta.