Olav G. Øiberg – frå Røros åt Lom

Frå Olav G. Øiberg har vi fått ei reiseskildring frå 1926, Såga om Skjåk-reinen og Tråjæting av rein 1929-30.
Reiseskildiringa frå Røros har eg gjort avskrift av, dei to andre skriva er lagt ved som pdf.

Såga om Skjåk-rein

Trågjeting 1929-30

Lomsreinen

«I 1923 kom det tamrein ått Lomsfjellom, Det var Ole Nilsen frå Mo i Rana (Hatfjelldalen) som kom med ein flokk ca 300 dyr. Dei starta da Gjendin Ren Co. Dei var 4 i selskapet, det var Ola Gran, Mathias Hole, Ole Nilsen og Klemetsen, dei dreiv da i 2-3 år. Så overtok Lom tamreinselskap flokken.

I 1926 reiste Per Kvandalsvoll og Per Gaupar til Rørosmartnan for å kjøpe rein til Lom tamreinselskap. Dei kjøpte ca 300 dyr av Mikkel Os, reinen skulle leverast um våren s.å. på Røros. Så reiste Peder Gaupar, Per Kvandalsvoll, Ole Nilsen og Olav Øiberg til Røros får å ta mot reinen, men flokken innehelt ikkje det som sto i kontrakten så vi kunne ikje gota flokken. Vi reiste da til Feragen til Nordviken og Svartviken å kjøpte ca 400 dyr.

Ole Nilsen, Andrias Kjelsberg, Lars Herrmann Fjellner og Olav Øiberg dreiv flokken frå Feragen til Lom.

Så gjekk turen tilbake til Røros. Per Kvandalsvoll og Peder Gaupar reiste direkte heim att da oss hadde kjøpt ny rein. (Dei hadde hestsjuss frå Røros.) Oss dreiv rein over Feragen og Femunen, over Sunde vesta for Røros, over Gudalsvidden, vi kom ned på Kvikneskoje, for vegen til Orklabogen, jennom Kvitdalen til Borkhussæter og ned til Hjerkin og Domås, oss for gamle veigen ned Domåslie, for over og undergangen på Rauma og Dåvrebanen, ned ved Domås turisthotel, over Lågen ved Bøsætre og over til Finndalen. Vi kom ned ved Klomsroe, så Finndalen uppover til Honsjøen  og Dokken. Vi slepte rein på Kummemyrom i Dokken. Vi måtte undersøke korleis vi skulle koma over Ottaelve for ho var stor.  Oss tålå ved Sigri Jonsgård på Flauthaugen um å få jågå over joredø henna, det var ja med ein gong, ho hadde atti grinden så åss fekk kvile der når oss kom med reine.

« Tilbake til Dombåslie. På slike vanskelige steder som over Dombås (Overgangen og undergangen på jernbanene) må ein strekke ut flokken for å få den så smal som råd er, men ein må sjå etter att all fylje på, det gjekk i springmars over Dombås, nedover Dombåsjordet, gjennum ein furuskog så tett at hadde de store bukkein haft horn hadde de ikkje kome fram, over ei smal bru upp over lie »

Vi samla rein på Kummemyrom, for ned Bakkeåsen og ned på Flathaugjoredø, nest på Flathaugjordet var ei smal grind der vart flokken utstrekt, så var det i springmars ned i veigen over Aurbrue og veigen til Sperstaøygard, nedover mellem Aualehaugen og Skjelkvålshafellein så vi fekk godt drag på Vollumsbrue og i springmars til Glombakken og slepte ei nupp Vikstamorkje uppå Lenfjellet. (Heile turen dom 32 dager)

Det har ikkje fare tamreinflokk over Vollumsbrue  verken før eller siden

Dønfoss 5/1 1981
O.G. Øiberg