Starta i 1926 og har vore i drift alle år etter det

Februar-1923
Februar 1923. Dei fyrste dyra til Gjende Rein Co. Frå venstre Mathias Holø med Erling Soglo, Kolbjørn Soglo, Ola Gran, Per Arnestuen og Sigvald Bersu.

I 1900 kom det ein kongeleg resolusjon der det vart forbode å drive med tamrein i Lom. Same forbodet vart vedteke for alle grannebygdene i Nord-Gudbrandsdalen. Slike vedtak kom like etter jaktlova frå 1899, og skulle verna villreinområda, ikkje så mykje for å hindre bygdefolket i å skipa tamreinlag, men for å hindre at reinsamane fløtte inn i dei tradisjonelle villreinområda med reinsflokkane sine. Skjåk hadde fått sin fyrste reinsame i 1896, og styresmaktene ynskte ikkje ei slik utvikling. I 1896 hadde Lom fått fyrste spørsmålet om å gjera delar av Lomsfjella om til tamreinområde. Iver Faukstad på Rostad søkte Indredepartementet om beiterett åt tamrein i ein del av statsålmenninga, og denne søknaden kom til heradstyret til uttale. Alt i 1908 vende Rasmus Elveseter seg til heradstyret om at kommunen tok opp spørsmålet om å få oppheva den kong. resolusjonen frå 1900. Hadde ikkje ein så ivrig reinsjeger som Rasmus Elveseter noko tru på at villreinstamma i Jotunheimen ville overleva, trass i ei femårs freding like før? Heradstyret hadde ikkje noko i mot at forbodet vart fjerna i 1910 da Skjåk og Vågå søkte om oppheving av forbodet for sine fjellområde. Det kan vera at tamreindrifta i Skjåk og i Valdres påverka heradstyremedlemene til å sjå seg om etter andre måtar å utnytte fjellet på, ei utnytting som kunne koma i tillegg til seterdrift og krøterhamn. Da såg dei på tamreindrift som ei betre og meir inntektsgjevande utnytting enn det villreinjakta kunne gje bygdefolket. Og inntektene måtte koma bruksretten til gode.

I 1914 valde heradstyrret ei nemnd som skulle koma med framlegg om å utnytte fjellet best mogeleg, særleg med tanke på å få i stand tamreinhald. Til medlemer i nemnda vart valde Rasmus Elveseter, lensmann Sølfest Haugen, Kristen Kjæstad og Hans Grasdalsmoen. Utgreiinga frå nemnda vart lagt fram i 1915, og dei vart pålagde å ta kontakt med reineigarar om å få leigt eller kjøpt rein og setja opp ei kontrakt som heradstyret kunne godkjenna. Heradstyret møtte to problem dei måtte få løyst. Dei måtte få bort forbodet mot tamrein, og sende R. Elveseter og Kr.Kjæstad til Kristiania for å møte landbruksministeren. Men landbruksdepartementet sette vilkår ved opphevinga som heradstyret vanskeleg kunne godta. Departementet kravde at det skulle vera ei nøytral sone mot Vågå, der det ikkje skulle beite rein. Dette kravet hadde nok kome frå vagværane. Og dessutan skulle staten krevja inn ei avgift for beitet, noko som lomværane reagerte på, da dei som brukarar av fjellet meinte dei leigde bort ein del av bruksretten, og burde dermed ha godtgjersla og. Det er desse to ankepunkta Rasmus Elveseter peika på i 1920 da han møtte reindriftsinspektør Nissen og drøfta tamreindrift med honom. Staten burde hjelpe til med å få teke bort den kongelege resolusjonen utan vilkår, sidan bruksretten til fjellet høyrde bygda til. Han uttala seg elles slik at tanken på eit eige selskap til å stå for drifta ikkje var det kommunen arbeidde med akkurat da. Det enklaste ville vera å få ein reinsame til å leige reinbeite i Lomsfjellet av heradstyret og private. I 1918 hadde heradstyret sett ned ei nemnd til å få i stand ei kontrakt om bortleige av hamn til tamrein, og Martin Jonassen hadde vore i Lom for å sjå på tilhøva, og hadde funne tilhøva svært gode. Han hadde valt å drive med reinen sin i andre fjellområde, så tamreinsaka låg på is i 1920. Elveseter trudde at villrein var det greiaste for lomværane no, men det trongst ei fredingstid skulle det bli noko å hente ved å drive reinsjakt.

Resten av Jon si bok ‘ 70 år med tamrein – Lom tamreinlag 1926 -1996′ kan du lese i pdf format her…