Det finst mykje fotomateriale frå Lom Tamreinlag si drift sidan starten i 1926.
Mykje av dette var samla inn til boka som Jon P. Kolden skreiv  til 70.års jubileumet  i 1996.
Det finst også mykje fotomateriale samla i privat eige som vi har kopiert og lagt ut her.
Send oss gjerne bilde med opplysningar!
E-post adresse hagraff@online.no eller post@lom-tamreinlag.no

Nokre stemningsbileter 

Bøverkinnhalsen hausten 1972

Sigurd Eggen var, saman med Nils Repp, Einar Rusten, Bjarne Kjærstadmo, Asbjørn Hansen, Jon Sjurgard og Svein Vole gjetar sommaren 1972.
Han har funne fram att nokre ljosbilete frå slaktinga den hausten.

 

 

 

Hei! Slik kunne transport av reingjetere sjå ut fra 56 år sidan. Bildet er teke på tur til «sumarleiren» fra kalvmerkinga på Bøverkinnhalsen i 1957. På lastebilen sit fra venstre: Lars Jonson, Arthur Holtan, Sylfest Storlien, Arne Frøise (delvis skjult), Jon Storlien og Gudmund Brekka.
Geviret ein ser midt på lasteplan tilhøyrer «Sagkrakken», åringsbukken som vi tok med fra merkinga for å temme den til «leibukk».

Bilde fra ein provianteringstur med kjørbukk på 50-talet. Jakob Bakken sit på sleden, Torbjørn Ringebo (med pipe), Odd Egil Ringebo og Stein Fjeld, og eg står med bukken.

Christian Vole

 

Netosætre 1926.

Etter Ivar Risheim er det att ein del gamle bilete. Desse er nå å finne på biblioteket i Skjåk. Her er er nokre teke frå ei slakting på Netosætra. Mest truleg er dette frå slakting åt Gjende Rein Co som Mathias Hole og Ola Gran åtte. Dei dreiv frå 1923 fram til Lom Tamreinlag kjøpte flokken på 460 dyr i 1926. Det kan også vera at dette er bilete frå dei fyrste åra åt tamreinlaget.