aa8_4369

Drift, flokkstruktur og driftsplan.

Frå gamalt av var det mykje større innslag av storbukk i flokken. Etterkvart som det vart meir kunnskap og interesse for å optimalisere drifta, vart kilo kjøtt pr vinterdyr eit viktig tal å rekne på. Da synte det seg at bukkar ikkje ytte så mykje som ein skulle tru. Sjølv om dei var tunge på vekta ved slakting, så måtte ein også sjå på kor mange år dei brukte for å nå den, og kor mykje vinterbeite dei brukte for å eta seg oppatt etter haldet. På slutten av 1970 talet vart strukturen lagt om til færre bukkar, fleire silmer og med det fleire kalvslakt og større produksjon pr. vinterdyr.

Jon Kolden skriv:

Reindriftskolen på Borkenes vitja laget 1. mars 1975. I eit sammøte med styret og skulen peikte leiaren, John Norfjell, på at etter hans syn var det dårleg økonomi å ha bukk på 3 år i flokken. Skulen slakta ein del kalv og 1 1/2 år gamal bukk. Same tankane var framme i eit møte 14. juli 1981 der reindriftsagronom Lenvik og Johs. Tamnes og Espen Bø frå reindriftskontoret på Røros var til stades. På møtet orienterte Lenvik om korleis han meinte samansetjinga av reinsflokken burde vera. Det burde vera fleire simler og færre bukkar og ingen storbukk i ein tamreinflokk og fleire kalvar bør kunne slaktast. Årsmøtet i 1982 fekk ei orientering om overgang til ei anna samansetjing av flokken, noko som vart sett i gang dette året. Samtidig med at denne omlegginga var på gang, ynskte dei tre rettleiarane å gjennomføre eit forskningsprosjekt der dei kunne samanlikne vekta på simla med vekta på kalven. Dermed kunne det vera mogleg å finne kva for årgangar som ga tyngste kalvane. Dersom prosjektet kunne gje eintydige svar, ville Lom ha god nytte av resultatet.

Sidan laget hadde gått over til årgangsmerking i sytti-åra, var det lettare å fylgje med i alderssamansetjinga, noko ein hadde nytte av både ved forskingsarbeidet og ved utveljing av slaktedyr. Alle kalvane var på vekta på slakteplassen og dei tyngste fekk leva medan dei mindre kalvane vart slakta. Det fyrste forskningsopplegget, som gjekk ut på å fylgje 150 simler og plukke ut nokre av dei til slakting og studere fosteret for å finne tidspunkt for bedekning, vart ikkje gjennomført. I samband med omlegginga av flokken vart det forska på kviger og kalv, og eit forsøk på å hindre kalvar å bli drektige, synte eit bra resultat. Berre 25 % av dei behandla kalvane vart med kalv, medan 75% av dei andre vart drektige. I 1984 hadde talet på bukk og bukkekalv kome ned i 16 % av flokken, noko som gjekk ned til 10 % i 1987.

Struktur

Dette er den flokkstrukturen laget har arbeidd etter siste 30 åra. Endringar frå år til år vil skje grunna ulykker og beitevarisjon både sommar og vinter, men i hovudsak har drifta gått etter dette målet:

 

Slag Vinterflokk Tilgang Slakt Snitt slaktevekt Slaktuttak i kg
Simler 1-10 år 1890 230 40 9200
Hokalv 230 850 620 24 14880
Hannkalv 280 850 570 27 15390
Bukk 1 1/2 år 280 45 12600
Sum 2400 1700 1700 52070

Slaktvekt på kalv fra 2001 – tal henta frå Ressursregnskapet 2014/2015 Reindriftsforvaltninga:

År 2001 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015
Lom  25.7  25.0  24.0  25.0  25.5  24.3  23.5  23.8  24.3  26.9  26.2  27.2  25.1  25.7  24.5
Vågå  22.4  25.3  24.2  22.0  24.1  25.5  22.6  23.9  27.8  23.9  25.6  27.1  26.9  26.1  25.8
Fram  20.2  22.3  21.1  22.0  20.8  20.9  21.9  22.1  23.1  22.1  22.9  25.6  22.6  22.9  21.9
Filefjell  21.4  27.6  23.0  23.2  24.5  22.5  24.7  24.0  22.8  23.7  25.4  24.8  24.1  23.7  24.9
Snitt  22.4  25.1  23.1  22.6  23.7  23.3  23.2  23.5  24.5  24.2  25.0  26.1  24.6  24.4  24.4

 

DSC_2178


Slaktvekt for Lom Tamreinlag 2002-2015
:

 

 

aa8_6042