Slakting Grønhø september 2012

Grønhø 2012

Det vart i haust ei svært vellykka slakting på Grønhø. Sundag 9/9 letta skodda såpass at Asbjørn i helikopteret kunne styre flokken på omlag 3.400 dyr, inn i beitehagen og med det kunne siling og slakting starte som planlagt måndag. I dagane før hadde det vore ugunstig ver med tildels mykje vestavind – storm i kasta, og det var meir enn vanleg spenning om kor stor del av flokken som var i området og kor mykje som vart med på trå.

Slaktevektene har vi ikkje enda, men utfrå levandevekt på kalvane så tyder alt på at det vart ei ‘tung’ slakting. I alt 1184 dyr var slakta på 2 dagar.
Foto over: ein som har overvintra både 2 og 3 år?

e SDC11311